Seljord Bridgeklubb
Referat årsmøte 9. mars 2023
Til stades: Eivind Skogheim, Torbjørn Svihus, Helge Veum, Jan Kristoffersen, Reidar Hage, Asbjørn Lognvik, Odd Tufte, Daniel Cohen, Helge Lyngberg, Sigbjørn Tvitekkja, Jan Thunberg, Erik Dybdahl.
Gledeleg mange møtte upp til årsmøtet.
Erik blei vald som møteleiar og referent, og las upp årsmelding og rekneskap for dei tri siste åri.
Ingen kommentarar, men et spørsmål om post i rekneskapen vin-innkaup er ført under. Svaret er at dette gjeng av kontantane som kjem inn på spelekveldane, so blir ikkje ført i eigen post (men kvitteringane finst i kassa/hos kasserar).
Noko budsjett for 2023 er ikkje laga, men Sigbjørn kunne fortelja at han er i dialog med Seljord Frivilligsentral om mogleg reduksjon av leiga sidan me ikkje brukar lokala heile året.
Av andre saker tok Daniel upp problemet med rekruttering, og meinte me måtte prøve å få i gong kurs att.
Sigbjørn tok upp om årskontingenten skulle reduserast. Ingen stemning for å endre denne, so blir fortsatt fire hundre kroner.
Daniel sa seg viljug til å stille upp som leiar, Helge L. hadde frå før sagt ja til å vera styremedlem. Desse blei dermed vald for to år.
Sigbjørn blei vald som nestleiar, Erik som kasserar, begge for ett år.
Årsmøtet avslutta kl seks.
Erik Dybdahl
referent